Da verden kom til Lillestrøm
20. aug. – 30. aug.
8 forestillinger
Ein stemme frå hjartet av Sogn – Olav Stedje. Med sin særprega varme stemme, ektefølte tekstar og djupe røter i den norske visetradisjonen, har Stedje stått som ein bauta i norsk musikkliv.
Med ein karriere som strekkjer seg over fire tiår, har Olav Stedje blitt ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg. Frå dei første tonane med bandet Compact på 70-talet, til slagerar som «Vi vandrar saman», «Ta meg med» og «Ein nordmann sin draum», har Stedje levert musikk som har treft hjarta til fleire generasjonar.
Han har samarbeidd med ei rekkje kjende artistar, blant anna Jahn Teigen, Trygve Hoff og Lava, og musikken hans har vorte spelt flittig både på radio og scenar over heile landet.
Olav Stedje syng på nynorsk – ikkje som eit poeng i seg sjølv, men fordi det er det språket som ligg hjarta hans nærast. Kombinert med tidlaus poprock og solide melodiar, har dette gitt han eit unikt uttrykk og ein fast plass i den norske musikksjela.
I dag er Stedje like aktuell som før. Med nytt liv i katalogen, nye generasjonar fans, og ein scenetilstedeværelse som framleis gløder, beviser han at god musikk aldri går ut på dato.
Underholdningen starter kl. 12.00, dørene åpner kl. 11.00.
Arrangør: Lillestrøm Kultursenter
Billetter kr 300 som inkluderer en kopp kaffe og en vaffel.
Søket ditt ga dessverre ingen treff.