
INGEBJØRG BRATLAND OG ODD NORDSTOGA – LANGT HEIMAFRÅ
TOR 30. NOV KL. 18.00 Teatersalen BILLETTER KR 620,-
Kjøp billett Legg til i kalenderIngebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt prosjekt!
Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 30. november kjem dei til Lillestrøm Kultursenter og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.
Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i Vinje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.
Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.
Arrangør: Stageway Talent AS og Lillestrøm Kultursenter
Billetter kr 620,- / medlem kr 595,- /showmeny 3-retter kr 1.094,-
Showmeny består av billett til showet, samt middag i Scene 5 før forestillingen. Kan dessverre ikke kjøpes på web, da bord må reserveres.
Dersom du ikke ønsker showmeny, men allikevel ønsker å reservere et bord i Scene 5 kan du klikke her
ARRANGEMENT:
-
Torsdag30. novemberkl. 18.00